Restaurant
Baronen
Velkomen til vår restaurant Baronen.
Vår kjøkensjef, Jon Aga, byr på ein smakfull meny i nydelege omgivnadar i Rosendal ved innløpet av Hardangerfjorden. Jon har lidenskap for ekte, heimelaga mat, med stort fokus på lokale råvarer.
Husets sommelier, Beate Hannisdal, har god kunnskap og eit stort engasjement for vin og sider. Ho sørgjer for at det de får servert i glasa er tilpassa både mat og ønskje.
Det blir servert ein 3-rettars middagsmeny kl 19:00, kl 20:00 og kl 21:00 kvar dag. Vi tilbyr 5-rettars på førespurnad.
Vi tilbyr òg lunsjservering med à la carte frå kl 13:00 til kl 17:00 alle dagar.
Dersom du ønskjer å ete middag i vår restaurant, må bord bestillast på førehand.
Med atterhald om at ordinær opningstid i restaurant kan i periodar endrast.
Våre dyktige servitørar ser fram til å ønskje varmt velkomen til restaurant Baronen.
For meir informasjon om bordbestilling, menyar, selskap og liknande, ta kontakt med oss på:
E-post: booking@rosendal-fjordhotel.no
Telefon: 53 48 80 00.
Ein smak av Rosendal Fjordhotel
Rosendal og Hardanger er eit matmekka når det gjeld råvarer. Vi har alt frå sjøkreps, kamskjel og steinbit frå fjorden, kjøttkveg og lam frå bøndene, hjort og storfugl i skogen, rype og reinsdyr på fjellet, og ikkje minst bognande åkrar med potetar, bær og grønsaker, og sist men ikkje minst fantastiske frukthagar.
Mitt mål er at kvar enkelt råvare skal bli behandla med stor respekt og bli varsamt tilberedt slik at det beholder sin særeigne smak og identitet.
Min kjærleik og kunnskap om råvara handlar ikkje berre om å lage mat etter eigne oppskrifter, men og hylle dei fantastiske lokale råvarene og produsentane, slik at eg kan få anledning til å bruke det på mitt kjøken her på Rosendal Fjordhotel.
Jon Aga, kjøkensjef
Lunsjmeny våren 2026
Med forbehold om endringar




















