Restaurant
Baronen
Velkomen til vår restaurant Baronen.
Vår kjøkensjef Jon Aga byr på ein smakfull meny i nydelege omgivnader ved Hardangerfjorden. Jon har lidenskap for ekte, heimelaga mat, med fokus på lokale råvarer.
Husets sommelier, Beate Hannisdal, har stort engasjement og kunnskap til vin og sider. Ho vil sørgje for at det de får servert i glasa er tilpassa både mat og ønskje.
Det blir servert ein 3-rettars middagsmeny frå kl 19:00. Vi tilbyr 5-rettars meny på førespurnad. For augeblikket tilbyr vi lunsj på førespurnad. Med forbehold om endringar.
Våre dyktige servitørar ser fram til å ønskje dykk varmt velkomen til restaurant Baronen.
For meir informasjon om bordbestilling, menyar, selskap og liknande, ta kontakt med oss på booking@rosendal-fjordhotel.no eller telefon 53 48 80 00.
Ein smak av Rosendal Fjordhotel
Korleis ein enn vender og vrir på det er Rosendal og Hardanger eit matmekka når det gjeld råvarer. Dette kan vera smakfulle sjøkreps, kamskjell og steinbit frå fjorden, flotte kjøttkveg og lam på land, hjort og storfugl i skogen, rype og reinsdyr frå fjellet, og ikkje minst bugnande åkrar med poteter, bær og grønsaker. Og til slutt våre fantastiske frukthagar med eple, pærer, plommer og moreller som gir oss produkter som er kjenneteiknet for vårt distrikt. Her finn vi kort sagt alt kva hjarta og smaksløkene ynskjer.
Min kjærleik og kunnskap om råvaren handlar ikkje berre om å laga mat etter eigne oppskrifter, men òg hylle desse fantastiske, lokale råvarene og dei som produserer desse, slik at eg kan få høve til å bruke dei på mitt kjøken her på Rosendal Fjordhotel.
Jon Aga, kjøkensjef