Arrangementer

Kommande arrangement

Alle våre arrangement har eit begrensa antal plassar og må difor bestillast på førehand hos oss i resepsjonen.

Gjerne ta kontakt med oss på booking@rosendal-fjordhotel.no eller telefon 53 48 80 00.

Kulinarisk helg med Jon og Frode Aga

Vi gjentar suksessen frå i fjor og inviterer til ny kulinarisk helg med brørne Jon og Frode Aga 9.-10. oktober 2026.

Slik som i fjor vert det smalahovemiddag, kokkekamp og sidersmaking.
Dette blir ei helg fylt med fantastiske smakar, spanande matopplevingar og god underhaldning.
På laurdagen kan du forvente underhaldning frå poeten Arne Torget frå Kvinnherad, og musikar og songar Linda Fosse frå Osterøy.

Fredag:
Smalahovemiddag
kr 945,- pr person

Laurdag: 
Kokkekamp med Jon og Frode
Sidersmaking med siderbonde frå Hardanger. Pris kr 495,- pr person
6-rettars middag tilberedt av Jon og Frode. Pris kr 1995,- pr person

Om du treng overnatting, tilbyr vi 30% avslag denne helga.

Hald av helga, 9.-10. oktober, vi sjåast!

For reservasjon:
+47 53 48 80 00
booking@rosendal-fjordhotel.no

a2051656-0baf-4790-8281-fb3bff0bf771

Konsert med Bjørn Moe

Fredag 16. oktober inviterer vi til konsert med Bjørn Moe
Bjørn Moe er allereie kjent av mange som ein dyktig og kreativ trommis, og har gjennom dei siste åra òg trollbundet mange med sin sjelfulle og kraftige stemme.
Han har etablert sin heilt eigen stil som komponist, låtskrivar og vokalist, der hans lange erfaring som trommis skin tydeleg gjennom i alt han gjer. Dei kreative rytmevalga, saman med ei djup og sjelfull stemme, gir Bjørn Moe sine låtar ein heilt eigen karakter, og ein personleg signatur.

Sjølv om han i hovudsak beveg seg i landskapet pop og rock, har musikken hans òg element frå både jazz og world-music, noko som skaper ein ekstra spennande atmosfære for lytterane.

På livekonsert speler Bjørn Moe trommer og synger. Ein spennande kombinasjon som ikkje veldig mange gjer!
I livebandet har han med seg eit knippe velrenommerte og erfarne musikere frå Vestlandet.
Kjell Arne Bauge, gitarer
Svein Henning Berstad, bass, kor
Einar Skogstad, tangenter
Kristin Bergsvik, kor, perkusjon
Bjørn Moe, trommer og vokal

Vi ser fram til ein rytmisk, tøff, kreativ og varm kveld med Bjørn Moe.
Inngang kr 395,-. Kontakt oss for reservasjon.
Velkomen!

Bjoern sofa_kvadratisk_rgb

Vin- og sidersmaking

Vi har gleda av å tilby vin- eller sidersmaking på laurdagar kl 16.00 eller på førespurnad med vår engasjerte sommelier, Beate Hannisdal.

Beate har jobba på hotellet i nokre år og fullførte si sommelierutdanning i 2024. Ho er for tida i gang med videreutdanning innan pommelierfaget. Gjennom sitt arbeidsliv har ho jobba som kokk og har difor god kjennskap til mat og drikke.

Med si store interesse og kunnskap om vin og sider tar ho deltakarane med på ei reise gjennom drua eller eplet si verd, der både smak, aroma og historie står i fokus. Opplevinga vert skreddersydd til kvar gruppe og kan tilpassast etter ønske.

20251013-JAH_9252

Julebord på Rosendal Fjordhotel

Hjarteleg velkomen til julebord på Rosendal Fjordhotel.

Vi har gleda av å invitere til julebord som bugnar av julens beste smakar, inkludert det beste havet har å by på for sesongen og eit breidt utval av klassisk tilbehør.

Nyt varmmat som lutefisk, pinnekjøt og ribbe servert med alt av tradisjonelt tilbehør. Sist, men ikkje minst ein dessertbuffet med alle klassikere og våre eigne favorittar.

Julebordet arrangeres kvar laurdag frå 21. november til 12. desember.
Pris er kr 995,- per person.

Kontakt oss for bordreservasjon:
Booking@rosendal-fjordhotel.no
+47 53 48 80 00

IMG_2243

Våre tidlegare arrangement

Ikon for Romantisk weekend Romantisk weekend

14. februar tilbydde vi ein romantisk pakke med overnatting og 5-rettars middag.

Ikon for Michelin kokk Michelin kokk

Kim Jiho frå New York, pop up restaurant hos oss. 26-27 juli

Ikon for Afternoon Tea Afternoon Tea

Kvar laurdag frå 17. januar til 28. mars var det Afternoon tea på Rosendal Fjordhotel

Ikon for Påske Påske

I påsken tilbydde vi buffet og rebus, biffaften og 5-rettars middag.

Ikon for 17. mai 17. mai

I høve 17. mai inviterte vi i tradisjon tru på buffet frå 13:00 til 17:00